Det skumle biblioteket
Tokke Kulturhus, Gullbjørgsalen
Velkomen til årets skumle bibliotek!
Tradisjon tru held biblioteket ope på "halloween" for store og små. Kanskje du vil kome for skummel stemning og kaker, kanskje du treng ein varm stad å vere mellom all knask og knepinga? Kanskje du rett og slett berre vil syne fram det nye spøkelseskostymet ditt? Alle er velkomne.
Det blir song, små aktivitetar for born og ei høgst uoffisiell kostymetevling for dei som vil vere med på det!
Med oss på kvelden har me Gunn Evensen frå Småbruket Moen, som vil servere oss gode bakverk og kakao.
Du vil også sjå kjende fjes frå kulturskulen denne kvelden, då me har god hjelp frå dei!
Velkomen til biblioteket, om du tør!
(Plakata er teikna av Martin Lundarvollen, er den ikkje flott!?
Prisar
Gratis inngang
Kontaktinformasjon
Tokke Bibl/Kulturskule og Småbruket Moen
Tlf: 90206343
E-post: christian.utigard@tokke.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.