Digital dugnad - Ta attende kontrollen på ditt digitale liv
Tokke Kulturhus, Biblioteket
Velkomen til digital ryddedugnad.
Her kan du få hjelp til å kaste "BigTech" i conteinaren. Me er alle saman digitale vesen. Mange av oss nyttar digitale tjenester, ofte amerikanske storfirma, som stadig endrar seg i ei retning der du må gje frå deg meir og meir persondata for å få lov til å nytte tenestane.
La oss alle ta ein ryddejobb i vårt digitale fellesområde.
På dugnaden kan du få innblikk i kva andre tenester som finnest i staden for til dømes Facebook, Gmail og Google.
Du må du gjerne kome berre for å spørje, eller diskutere med oss om "Big Tech" og korleis det digitale landskapet bør sjå ut. Det er ingen tvang å byte nokon ting.
Denne dagen kjem dugnadsfrivillig Elin Helene Normann som mange kjenner frå biblioteket.
Kontaktinformasjon
Tokke kommune
Tlf: 90206343
E-post: biblioteket@tokke.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.