Draumkvedet i vår tid 2026 - til minne om Eivind Groven (1901-1977)
Museumsvegen 9, Høydalsmo
Velkomen til årets seminar om Draumkvedet!
Vil du meg lye - eg kveda kan? Frå årestoge til konsertsal og attende
I høve 125. fødedag til Eivind Groven (1901-1977)
Med Øyonn Groven Myhren, Ingvill Buen Garnås og Jøran Rudi.
Melodiane til Draumkvedet - velkjende for dei fleste frå Agnes Buen Garnås sin legendariske innspeling i Gjerpen kyrkje (1985) - har fått lite merksemd i forskinga. Dei fleste utøvarar song Draumkvedet for folkeminnegranskarane - men desse var sjeldan i stand til å hugse melodiane, enn seie å skrive dei ned.
Jørgen Moe, ein av dei fyrste som skreiv opp Draumkvedet, opplyser i 1850: «Musikken er nedskreven af Hr. Lindemann efter Hr. Ivar Aasens sang. Desværre kjendte denne ei Omkvædets Melodi».
Hr. Ludvig Mathias Lindeman - organist og komponist i Christiania - var òg melodiansvarleg for M.B. Landstads bok «Norske Folkeviser» (1853) der Draumkvedet var med - og der «Musikbilagene skyldes fornemmelig Præstedatteren, Jomfru Olea Cröger».
Lindeman gav ut «Draumkvæde» for song og pianoforte (klaver) alt året etter (1854). Den populære «kammersongaren» Thorvald Lammers spreidde denne utover det ganske land, og den blei ståande som utgangspunkt for alle seinare variantar.
Lindeman stod i Bach-tradisjonen. Hans harmoniseringar var tempererte, vil seie at naturtoneskalaens særeigne toneavstandar - slik dei førekjem i kveding - blei nivellert. Dette var naudsynt for å tilpasse musikken til moderne (vestleg) tonalitet som tillét rask veksling mellom ulike toneartar.
Komponist og folkemusikksamlar Eivind Groven var oppteken av å korrigere dette, og gjere «reinstemming» teknisk mogleg på moderne instrument bygd for temperert musikk. Han konstruerte reinstemmingssystem for ulike klaverinstrument, og - som ein av dei fyrste i verda - ein elektrisk «reinstemmingsautomat» for orgel eller syntesizer.
Seminaret tek for seg ulike aspekt av denne vandringa frå autentisk kveding til temperert konsertmusikk - og attende.
På seminaret vil Øyonn Groven Myhren framføre Draumkvedet, m.a. til reinstemt harpsikord.
Programmet er førebels, detaljar kan bli endra:
Frå kl. 08.30 Mingling med kaffe
09.15 Introdukjson ved formidlingsansvarleg VTM, Tilman Hartenstein
09.45 Føredrag med song ved kvedar Ingvill Buen Garnås: «Draumkvedet og melodiane»
10.45 Kaffipause
11.00 Føredrag ved folkemusikar Øyonn Groven Myhren: «Eivind Groven sitt arbeide med Draumkvedet»
12.00 Lunsj. Høve til å besøke folkekunstutstillinga
13.00 Føredrag ved Jøran Rudi, komponist, forskar og styreleiar ved Eivind-Groven-instituttet: «Frå kveding og seljefløyte til elektronisk orgel – Eivind Groven sitt arbeide med automatisk reinstemming»
14.00 Kaffipause
14.15 Øyonn Groven Myhren framfører Eivind Grovens «Draumkvædet» til reinstemt harpsikord. Pianist: Lars Henrik Johansen.
Deretter gjev Øyonn ein meir omfattande solo versjon basert på Maren Ramskeid (1840-åra).
15.00 Slutt
Pris: kr. 650,- inkl. lunsj
Påmelding til th@vtm.no innan 20. mars
Føredraga vil også bli streama på nett - på youtube og facebook !
Tips til overnatting:
Dalen Hotel, Hotellvegen 33, 3880 Dalen,
dalenhotel.no tlf: 35 07 90 00 post@dalenhotel.no
Ca. 10 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.
Dalen Bed&Breakfast, Aasmund Nordgaardsveg 6, 3880 Dalen,
dalenbb.com tlf. 928 17 012 info@dalenbb.com
Ca. 10 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.
Morgedal Hotel, Haugivegen 4, 3848 Morgedal
morgedal.no tlf. 35068900 morgedalhotel@unikehoteller.no
Ca. 25 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.
Morgedal Gjestehus, Haugivegen 4A, 3848 Morgedal
gjestehus.com tlf. 469 63 631 morgedal@gjestehus.com
Ca. 25 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.
Straand Hotel, Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal
straand.no tlf. 35 06 90 00 straand@straand.no
Ca. 1 time med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.
Kontaktinformasjon
Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.