Familiedagen i Eidsborg 2026
Familiedag på museet i Eidsborg
Velkomen til årets familiedag på Vest-Telemark museum Eidsborg!
PROGRAM:
Kl. 12.00 Aktivitetar på tunet for store og små
Kl. 13.00 Program i Fellandsalen: Markering av 125-årsjubileet for Eivind Groven. Arne T. Aabø vil kåsere om komponisten. Det vil bli lagt ned blomar på grava til Eivind Groven etter programmet inne i Fellandsalen.
Programmet starter og avsluttar med musikkinnslag av hardingfelespelemann og felemakar Ottar Kåsa frå Bø.
• Papirklipping med Lenara i skulestoga
• Mogleg å køyre hest og vogn med museumsbonden Daniel
• Gjettekonkurranser for barn og vaksne
• Husflidslaget syner fram handverk og teknikkar
• Slusing i kanalparken
• Laftesett for dei som vil byggje hytte
• Langbogeskjoting
• Graving etter perler
• David Hauer sit og jobbar i eit lite urmakeri
• Open stavkyrkje med omvisning kl. 11.00, 13.00 og 15.00
Museet og kafeen held ope frå kl.10.00 til 17.00. Buffet frå kl. 13.00
Kontaktinformasjon
Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.