Hopp til innhold
Handverkarsamling om verktøy og smiing av verktøy, Bygningsvern Vest-Telemark museum
© Bygningsvern Telemark

Handverkarkaffi på Vest-Telemark museum Eidsborg

Bygningsvern Telemark inviterer til handverkarkaffi

Handverkarkaffi er ei uhøgtideleg nettverkssamling for handverkarar og spesielt interesserte. Vi samlast over ein kopp kaffi og utvekslar erfaringar. Ofte har vi eit spesifikt tema vi dykkar ned i eller rører rundt i. 
Til samlinga på Vest-Telemark museum Eidsborg tysdag 28. april har vi to tema og ein smed på besøk. Smed Terje Granås har lang erfaring med smedarbeid og kopiering av tradisjonelt verktøy.
Før første tema samlast vi i Fellandsalen i museumsbygget for ein runde med kaffi og noko å bite i, og det blir ein gjennomgang av kopiverktøy som er nytta til utforming av bygningsdelar til ein kopi av eit mellomalderbygg på museet. 

Tema som skal tas opp er:
•    Erfaringar med bruk av ulike kopiverktøy 
•    Utfordringar med å finne dei rette førebileta
•    Smedens utfordringar under verktøykopiering 
•    Kva for moglegheiter finst for å etterjustere ferdig smidd verktøy?

Etter litt erfaringsutveksling og informasjon skal vi ha ei praktisk økt. Temaet er gjenbruk av verktøystål og vi skal sjå nærare på eit slikt typisk gjenbruksverktøy; skrapa. Vi samlast i smia og får prøve oss på å lage eit verktøy av gamle, brukte ljåblad.

Vi startar opp kl. 14.00 i Fellandsalen og reknar med at vi går ut i smia ca. kl. 15.30. Samlinga avsluttast omtrent kl. 19.00. Det blir rigga opp nokon ekstra esser, men om interessa blir stor må vi dele på dei ressursane vi har tilgjengeleg.
Samlinga er gratis, men dei som skal være med i smia må ha eigna klede, høyrselsvern og briller. 

Gje oss gjerne eit hint om du ynskjer å delta på samlinga, slik at vi får ein peikepinn om kor mange som kjem. 
Send ein e-post til post@bygningsverntelemark.no.

Kontaktinformasjon


Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no

Kart over Bygningsvern Telemark inviterer til handverkarkaffi