Hopp til innhold
Haustmarknad på Dalen - Vest-Telemark.no
© Brith Wenche Aarstad

Haustmarknad på Dalen

Dalen

Laurdag 11. oktober arrangerer Dalen Næringssamskipnad Haustmarknad på Dalen.
Det blir baklukesal og salsbodar der lokale aktørar sel kortreiste varer. Lag og foreiningar får anledning til å vise seg fram. Her kan du handle varer som blant annet kniv, strikk, handlaga hundeutstyr, velværeprodukt, bakevarer, honning og fiskeprodukt, og mykje meir.
I år vil det også bli bruktmarknad, der alle som vil kan kome med gjenbruksvarer dei vil selje.
Alle lokale prudusentar er velkomne til å finne seg ein plass om ein vil selje noko, stort som smått.
Det vil vere ansiktsmåling og blomsterverkstad for barn på torget.
Velkommen!

Kontaktinformasjon

Dalen Næringssamskipnad
Tlf: 35077167
E-post: brithwenche@dalenblomster.no

Kart over Dalen