Konsert: Evigvarande folketonar
Velkomen til konsert på museet i Eidsborg
«Evigvarande folketonar» er ein konsert med lokale utøvarar.
Folkemusikar og felespelar Herman Gautefald og songar Lina Haugholmen har valt å kalle duokonseptet sitt for «Evigvarande folketonar».
- Det er ein vakker miks av kjende og nokre ukjende folketonar, slåttar og religiøse folketonar, og mange av folketonane er frå Vest-Telemark, seier Lina.
- Vi vekslar på å fortelje litt om songane og musikken og fremføre den.
Om utøvarane:
Herman W. Gautefald kjem opprinneleg frå Helle i Kragerø. Han spelar både fele og hardingfele. Han bur i Kviteseid og jobbar som lærar ved Kvitsund gymnas. Herman har også tatt eit årsstudium i folkemusikk på Rauland.
Han har hatt mange folkemusikkonsertar og opptredenar rundt om i fylket og elles i landet.
Her er nokre av hans merittar:
Landskappleiken 2025: Herman Gautefald og Lisa Haugeland vann ei klasse (spesifikt fele/dans) på Landskappleiken.
Herman vann óg klassa for eldre fele under Landskappleiken på Røros i 2017.
Lina Haugholmen kjem også frå Helle i Kragerø, men ho har budd dei siste 21 åra på Austheii i Tokke kommune.
Lina har opptredd som songar på mange ulike arrangement innanfor kultur og kyrkjeliv i Vest-Telemark dei siste ti åra. Ho har sunge i private tilstellingar, på kafear, kunståpningar og ho har hatt ei rekkje konsertar.
Lina likar mykje forskjellig musikk, men folkemusikken er favoritten òg hovudsjangeren hennar. Ho har alltid vore svært begeistra for dei vakre og spesielle tonane ein finn i folkemusikken.
Ho samarbeider med fleire kjende musikarar i fylket, og ho har fleire musikalske samarbeid gåande på samme tid.
Inngang: Kr. 200,-
Billettar kjøpast på staden rett før konsertstart.
Kontaktinformasjon
Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.