
Konsert i Eidsborg: «Sørleg jul»
Konsert i Eidsborg - «Sørleg jul»
Klykken, Flottorp, Rudjord: «Sørleg jul»
I denne nye jolekonserten møtast tre musikarar med kvar sin innfallsvinkel til folkemusikken. Lars Jakob Rudjord og Johanne Flottorp kjem frå kvar sin kant av Agder, medan Anne Gravir Klykken kjem frå Telemark. Dei tre har bakgrunn frå fleire ulike sjangrar, men kjem alltid tilbake til røtene. Saman vil dei presentere ein sjelfull og uhøgtideleg jolekonsert som inviterer lyttaren tett på. I ei lun atmosfære kan publikum finne juleroen. Det blir skjemt og alvor, ljos og mørke, gamalt og nytt, stort og lite - akkurat som jola og livet sjølv.
Med ei blanding av tradisjonelle slåttar, viser, salmer og stev, og nyare låtar og arrangement av trioen, presenterer dei ein konsert med musikk knytt opp mot vinter, solsnu og jol. Konserten vil ta utgangspunkt i jolemusikk og tradisjonar frå Sør-Noreg – eit område med ei rik kulturarv når det gjeld både jolesongar og folkemusikk. Denne musikken ber med seg historier og skikkar knytt til jola.
Anne Gravir Klykken – vokal, div instrument
Johanne Flottorp – hardingfele
Lars Jakob Rudjord – trøorgel, piano
Inngangspris: kr. 200,-
Under 16 år: 100,-
Under 10 år: gratis
Billettar kan kjøpast på museet før konsertstart.
Trioen er ute på vegen i regi av Sørnorsk folkemusikksenter.
Kontaktinformasjon
Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.