Konsert med folkemusikktrioen Glima
Konsert på Vest-Telemark museum Eidsborg
Folkemusikktrioen Glima har namnet sitt etter Gygri (trollkjerringa) i Mælefjell i Telemark. Glima består av Torunn Raftevold Rue (hardingfele), Ragnhild Knudsen (hardingbratsj/hardingfele) og Helene Waage (hardingcello).
Dei har alle tre lang fartstid frå ulike tradisjonar innan folkemusikken.
I juni spelte dei inn sitt fjerde album, og dei gler seg til å presentere musikalske perler for dei som tek turen til Vest-Telemark Museum i Eidsborg søndag 23. august.
Glima har spelt saman i snart tretti år, og dei tek, som tidlegare, utgangspunkt i slåttar og visetonar frå Telemark og Vestlandet. Trioen står sjølv for dei musikalske arrangementa som er nyskapande, men med tydelege røter i gamal slåttetradisjon.
Det nye no er at dei har hardinginstrument - alle tre! Helene spelar på ein hardingcello, Ragnhild på hardingbratsj; begge laga av Ottar Kåsa, og Torunn på hardingfele som før.
Vel møtt til konsert på vakre Vest-Telemark Museum!
Inngang: Vanleg museumsbillett
Kontaktinformasjon
Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.