Kurs i Tankevirus
Tokke kulturhus
Tankevirus-kurs i Tokke
Visste du at tankane våre ikkje alltid er til å stole på?
Vi kan fort tolke situasjonar, trekkje konklusjonar og bekymre oss for ting vi eigentleg ikkje veit noko om. Nokre gonger kan tankane skape meir stress, uro og usikkerheit enn det er grunn til.
På Tankevirus-kurset lærer du å kjenne att vanlege tankefeller og korleis du kan handtere tankar som påverkar deg negativt.
Kurset er praktisk og lett å kjenne seg att i, med humor, kvardagslege eksempel og enkle verktøy du kan ta med deg vidare.
Du treng ingen forkunnskapar, og kurset passar for alle som ønskjer å bli meir bevisste på korleis tankane påverkar oss.
Stad: Tokke kulturhus
Dato: 10. og 17. november 2026
Tid: Kl. 17.00–19.00
Pris: Gratis
?? Påmelding via nettsida til Rask psykisk helsehjelp i kommunen din.
Meir informasjon: 906 70 130
Velkomen til to samlingar der vi ser nærare på tankane våre – og lærer ikkje å tru på alt vi tenkjer!
Prisar
Gratis inngang
Kontaktinformasjon
Rask psykisk helsehjelp Vest-Telemark
Tlf: 90670130
E-post: rph@vest-telemark.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.