Magisk gruvekonsert "Stier av gull" med vokalgruppa AD UNDAS
Gruvekonsert
Inngang: Vaksen 250,-, Born 100,-
Før og etter konserten serverast varm drikke, kake og vaflar på museet.
NB. Hugs at det er konstant 6 til 8 plussgrader i gruva. Ha på langbukse og ta med varm genser, evt. luve. Ta på gode sko.
Kvar går ein om ein skal til verdas ende? Kva slags veg går der sola skin og stjernene tindrar? Om vegen er målet, kva finn ein i enden? Finst det stiar av gull, eller er det berre luftspeglingar alt saman? AD UNDAS tar oss med til ei eventyrleg verd i konserten “Stier av gull”. Her blir kjente og meir ukjente låtar bunde saman til ei større forteljing som gir ei magisk og litt annleis konsertoppleving.
AD UNDAS er ein a capella vokaltrio som sidan 2013 har reist rundt og fylt både naust, bunkrar, kyrkjerom og bygdetun med sine sterke stemmer og fortryllande klangar. Uttrykket deira har blitt skildra som «ur»; gruppa si originale konsept med eigenarrangerte låtar gir både pop, rock, folketonar og viser eit tidlaust preg.
AD UNDAS består av:
Marte Fillan (Trondheim/Oslo) - har mellom anna sunge i KSS (Kvindelige Studenters Sangforening) i Oslo i ei årrekke. (KSS har vunne store internasjonale prisar og samarbeidd med kjente artistar som Ellen Andrea Wang).
Margrete Wilhelmsen (Mandal/Kristiansand) - har ein master i musikkvitskap, dirigerer Kristiansand Popkor og er låtskrivar og vokalist i bandet Gete.
Sunniva Fossly (Hallingdal/Drammen) - låtskrivar og vokalist med fleire prosjekt bak seg, har sunge i fleire vokalgrupper og kor.
Kontaktinformasjon
Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.