Hopp til innhold
Historikar Jeff Olson og minnesmerket etter bondeopprøret i Hjartdal
© Jeff Olson/Vestagdermuseet

Mellomalderen i Agder og Telemark - Stig Bagge og bondeopprøra

Føredrag på Åmdals Verk gruver

Historikar og museumsbestyrar ved Flekkefjord museum, Jeff Olson, kjem til Åmdals Verk gruver for å fortelje om bondeopprøra i Vest-Telemark og Vest-Agder på 1500-talet.

Føredraget «Mannen som vil drukne Amsterdam» handlar om lensherre Stig Bagges rolle i nedkjempinga av bondeopprøra, om innføringa av den protestantiske reformasjonen og lydriket Noreg.

«Mellomalderen var ikkje så annleis enn i dag,» seier Olson. «Store endringar i livet, i trusamfunnet, i politikk og økonomi vekker sterke reaksjonar – og vald er oftast siste utveg.»

1500-talet var ei spanande tid i Agder og Telemark. Frå Valle til Kvinesdal; Fyresdal til Dalen - desse var skjebneområde i dei store revolusjonane som innførte moderne tider. Og midt i disse endringane sto lensherren Stig Bagge.

«Vi snakkar ikkje så mykje om den viktige rolla indre Telemark og Agder spela under reformasjonen og slutten av mellomalderen. Vi snakkar heller ikkje mykje om korleis gruvedrift, sylvskatt og protestantisme påverka våre forfedre.»

Gruvedrifta i Telemark vekte sterke reaksjonar blant bøndane. Bondeopprøret truga kongen og kongeriket. Ein sterk og hardhent mann måtte til for å gjenopprette orden. Stig Bagge gjennomførte ei masseavretting av opprørske bøndar ved Hjartdal kyrkje. Bagge og kongen trudde dette ville markere slutten på opprøret. Resultatet blei noko anna.

Like etter oppsto ein ny bondehær frå Setesdal. Med krigsrop mot alle futar og dansk adel, leia Gunnar Lange Myrom frå Valle eit nytt opprør mot den protestantiske trua, mot innføring av sylvskatt og konfiskasjonar. Enda ein gong gjekk Stig Bagge til krig mot sine eigne landsmenn. Leiinga av Hunehæren blei avretta.

Stig Bagge etterlot seg nedbrente gardar, død og nådelaus vald. Som konsekvens blei han rikt løna av kongen for innsatsen – heilt fram til sitt siste oppdrag: å ta kampen mot den katolske kyrkja, den avsette kongen og Hansaligaen til heimebasen i Amsterdam. 

«Opprørene har et monument ved Hjartdal Kirke, og få den dagen i dag sorger Stig Bagges grusomme skjeben.»

 

Gratis inngang

Dørene opnar kl. 16.00.

Sal av kaffi og kake. Føredraget startar kl 17.00 og varar i ca. ein time.

Kontaktinformasjon


Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no

Kart over Føredrag på Åmdals Verk gruver