Rui-seminaret 2026
Rui
Velkomen til Rui-seminaret 2026.
Kan trua bli for sterk?
For sjette gong samlast me på Rui for å løfte fram viktige spørsmål om tru, samfunn og menneskeliv.
Årets tema handlar om balansen mellom tru og tvil - og kva som skjer når trua får for stor makt, både i enkeltliv og i politikk.
Program:
12.00 - Gudsteneste
13.00 - Seminarstart
Katarina og Kim André Aasgaard opnar dagen. Mange kjenner dei frå TV2-serien "Under Guds øye", der dei fortalde om livet i eit lukka kristent miljø. No deler dei refleksjonar og deltek i panelsamtale.
Katarina er truopplæringsmedarbeider i Kviteseid, og Kim André arbeider som tømrar.
Me løftar også blikket ut i verda, der religion spelar ei sterk rolle i land som USA, Russland og Iran.
Panelsamtale:
Katherina og Kim André Aasgaard
Benedikte Nes
Rebecca Figenschau
Christian Utigard
Panelleiar: Line Omland Eilevstjønn
Kulturelt innslag - song og musikk.
Hjartleg velkomen til ein dag med ettertanke og gode samtaler.
Arrangera i lag av Tokke kommune/Tokke bibliotek, Eidsborg, Mo og Skafså sokneråd og Prostidiakonatet i Vest-Telemark.
Kontaktinformasjon
Diakonien VT, Eidsborg, Mo og Skafså SR
Tlf: 91113580
E-post: christian.utigard@tokke.kommune.no
Heimeside: https://fb.me/e/6bgYPYgFm
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.