Hopp til innhold
Stier av gull med vokaltrioen AD UNDAS - Vest-Telemark.no
© Vilde Fagerland

Stier av gull med vokaltrioen AD UNDAS

Åmdals verk gruver

"Stier av gull"
Kor går ein om ein skal til verdas ende? Kva slags veg går der kor sola skin og stjernene tindrar? Om vegen er målet, kva finn ein i enden? Finst det stiar av gull, eller er det berre luftspeglingar alt saman?

AD UNDAS tar oss med til ei eventyrleg verd i konserten "Stier av gull". Her blir kjente og meir ukjente låtar bunde saman til ei større forteljing som alt i alt gir ei magisk og litt annleis konsertoppleving.

AD UNDAS er ein a capella vokaltrio som sidan 2013 har reist rundt og fylt både naust, bunkrar, kyrkjerom og bygdetun med sine sterke stemmer og fortryllande klangar. Uttrykket deira har blitt skildra som «ur»: Gruppas originale konsept med eigenarrangerte låtar gir både pop, rock, folketonar og viser eit tidlaust preg.

AD UNDAS består av:
Marte Fillan (Trondheim/Oslo) - har mellom anna sunge i KSS (Kvindelige Studenters Sangforening) i Oslo i ei årrekke. Koret har vunne store internasjonale prisar og samarbeidd med kjente artistar som Ellen Andrea Wang.
Margrete Wilhelmsen (Mandal/Kristiansand) - har ein master i musikkvitskap, dirigerer Krisiansand Popkor og er låtskrivar og vokalist i bandet Gete.
Sunniva Fossly (Hallingdal/Drammen) - låtskrivar og vokalist med fleire prosjekt bak seg, har sunge i fleire vokalgrupper og kor.

Prisar

Barn: 100,00
Voksen: 250,00

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Åmdals verk gruver
Tlf: 41421857
E-post: sunniva.fossly@gmail.com
Heimeside: https://www.facebook.com/share/1GzP4LwBgq/

Kart over Åmdals verk gruver