Hopp til innhold
Tommy Sørbø: Eg ler, altså er eg! - Folkakademiet Tokke - Vest-Telemark.no
© Tommy Sørbø

Tommy Sørbø: Eg ler, altså er eg! - Folkakademiet Tokke

Gullbjørgsalen

Forfattar, satirikar og kunsthistorikar Tommy Sørbø turnerer no landet med det kritikarroste edutainment-showet sitt, «Eg ler, altså er eg!», og no har turen kome til Tokke.
Dette er ei humoristisk einmannsframsyning om vesenet og uvesenet til latteren, i ei verd der media doper oss ned med latter, men der vi samstundes treng han meir enn nokon gong. Her fortel Sørbø mellom anna om erfaringane og opplevingane sine med å få folk til å le. Og ikkje minst om kor komisk det kan bli når humoren ikkje fungerer.
• Kva er latter, og kvifor ler vi?
• Kvifor er tabu, skrivne løyndommar og forbod ein føresetnad for humor?
• Kvifor har godt humør og god humor ingenting med kvarandre å gjere?
• Toler norske komikarar å bli gjort narr av?
• Kvifor måtte to programleiarar i Dagsrevyen gå ut og dementere at dei hadde ledd av noko Tommy Sørbø sa om kunst?
• Kva ville Sigmund Freud sagt om hotellverten Basil Fawlty i BBC-serien «Hotell i særklasse»?
• Kunsten å tulle med nyhetsbiletet – som tekstforfattar og gjest i Nytt på nytt.
Tommy Sørbø har skrive tekstar for mange profilerte norske komikarar og bidratt i fleire
humor- og satireprogram i NRK. Han har skrive både komediar og bøker med satirisk preg,
og har markert seg som ein underhaldande kulturformidlar. Tommy Sørbø seier at han
framleis har eit lite håp om at det er mogleg å få folk til å le og bli kloke på same tid.
Inngang:
100,- for medlem av Folkeakademiet
200,- for ordinære

Prisar

Voksen: 200,00
Medlem: 100,00

Kontaktinformasjon

Tokke skular og Tokke kulturskule
Tlf: 91840562
E-post: christian.utigard@tokke.kommune.no

Kart over Gullbjørgsalen