Våronn med museumsbonden 2026
Museumsbøndane er i gang med våronna, ca. kl. 12-16
Daniel og Daphne er museumsbøndar på Uppistog Vindlaus, gardstunet som er ein sentral del av friluftsmuseet på Vest-Telemark Museum Eidsborg.
Dei siste åra har Daniel opparbeid tri åkrar på museumsområdet. Det er våren og veret som bestemmer når Daniel og hesten kan byrje på våronna, men normalt driv dei på ei veke i siste halvdel av mai. Velkomen innom for å helse på og lære om jordbruk på gamlemåten.
NB: Datoane er sett med atterhald om bra ver, og kan bli endra. Bonden er vanlegvis på museet mellom 12.00 og 16.00, men det kan og bli lengre dagar.
Alle datoar
Laurdag 30. mai:
Kontaktinformasjon
Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.