Veving og metallknipling i husmannsstoga
Museumsvegen 9, Høydalsmo
Åse og Sissel er tilbake i husmannsstoga på museet i Eidsborg.
Åse vil demonstrere det som for nokon er ein mindre kjend handverksteknikk. Metallknipling er knipling laga av metall, gjerne sølv eller gull. Metallknipling er mellom anna brukt som dekor på ein del bunader og folkedrakter - til dømes på hovudplagg, bringeklutar og forkle. Denne forma for knipling kan du og finne på kyrkjetekstilar.
Veving er tilbake på moten, og Sissel vil vise veving. Lurar du på noko om denne eldgamle tekstilproduksjonsmetoden, så kan du spørje Sissel.
Velkomen innom!
Kontaktinformasjon
Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.