Å vandre med håp
Prestegarden i Vågslid
Å VANDRE MED HÅP 2026 Tysdag 25. – torsdag 27. august 2026
Gode tradisjonar må ein ta vare på – og pilegrimsvandringa mot Røldal er ei av dei. Me inviterer difor til tre dagar med fellesskap, naturopplevingar og gode samtalar på Haukelifjell.
Program
Tysdag 25. august Start ved Prestegarden i Vågslid kl. 11. Etappe til Ulevå – ca. 12 km. Overnatting på Fjellstad (10–25 plassar) og rom på Haukelifjell Skisenter. Felles middag på kvelden.
Onsdag 26. august Start frå Ulevå kl. 10 (4–5 km vest for Haukeliseter). Vandring til Dyrskar. Det hender også at KVITO dukkar opp med bollar. Middag og overnatting på Fjellstad.
Torsdag 27. august Start frå Svandalsflona kl. 9.30. Siste etappe til Røldal stavkyrkje – 12–13 km. Kort avslutning i kyrkja.
Om vandringa Å vandre med håp er eit samarbeid mellom psykisk helse-tenestene i Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal, Seljord og Kviteseid, samt KVITO. Det gode samarbeidet og dei nye møta er noko av det finaste med desse vandringane. I år går me for 19.gong. Velkomne til gode dagar på Haukelifjell – det blir fint å møtast!
I sitt Nobelføredrag fortalde Jon Fosse at han på skulen fekk angst for å lese høgt.
Vegen til høgtlesing gjekk gjennom skrivinga.
Gjennom skrivinga fekk han ei stemma slik at kunne våge å ytre seg. Om stemma han fann som forfattar seier han: Sikkert er i alle fall at eg aldri har skrive for å uttrykkja meg sjølv, som det heiter, heller for å koma meg bort frå meg sjølv.
Kanskje er det og dette pilegrim svandringa handlar om; å kome bort frå seg sjølv, og inn i eit fellesskap?
Alle datoar
Tysdag 25. august: 11.00
Kontaktinformasjon
Prostidiakonen i Vest-Telemark
Tlf: 91113580
E-post: eilev.erikstein@tokke.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.