Hopp til innhold
Barnas fiskefestival i Haukeli - Vest-Telemark.no
© Gudrun Semons/Visit Haukeli
Barnas fiskefestival i Haukeli - Vest-Telemark.no
© Gudrun Semons/Visit Haukeli
Haukeli Jeger og Fisk
© Gudrun Semons/Visit Haukeli
Klovnane Mia & Selma
© Mia og Selma
Barnas fiskefestival i Haukeli - Vest-Telemark.no
© Gudrun Semons/Visit Haukeli

Barnas fiskefestival i Haukeli

Velemoen Camping

Barnas Fiskefestival i Haukeli!

Barnas fiskefestival i Haukeli er eit gratisarrangement for barn og unge under 16 år!

Velkommen til fisking ved Velemoen camping 4. juli 2026!

Det blir ulike konkurransar:

Dagens største fisk
Kven får flest fisk?
Kven fangar mest ørekyte?

Ta med deg fiskestong, sluk, spinnar, dobbe, makk, nett og bøtte og bli med!

Praktisk informasjon

Påmelding/registrering er gratis. Du kan registrere deg frå kl. 11:30.

Ansiktsmåling og ponniriding!

Konkurransen avsluttas kl. 15:00.

Premieutdeling

Alle som har registrert seg får deltakarpremie! I konkurranseklassene er det fine premiar.

Du kan kjøpe fiskeutstyr (sluk, spinnar, nett, o.l.) dersom du ikkje har alt du treng. Du kan òg låne fiskestang gratis på plassen av Haukeli Jeger & Fisk.

Toalett finn dykk i sanitærbygget på campingen.

Alle barn må vere i fylgje med ein vaksen eller ha ein vaksen som ser etter dei. Me oppmodar òg til å bruke redningsvest.

Reglar for konkurransen delas ut ved registrering!

Mat og drikke

Alle deltakarar får eit gratis fiskemåltid! Aketun Fisk frå Fyresdal kjem med kjempegode fiskeburgarar til barna.
Ellers kan ein kjøpe mat, drikke og is i kiosken på campingen for dei som ynskjer det.

Andre aktivitetar
Klovnar og ansiktsmåling med klovnane Mia & Selma!
Badeplass
Ponniriding

VEL MØTT TIL EIN MOROSAM SOMMARDAG!

Prisar

Gratis inngang

Kontaktinformasjon

Visit Haukeli
Tlf: 41514360
E-post: post@visithaukeli.no
Heimeside: https://visithaukeli.no/arrangement/haukeli-fiskefestival-2026/

Kart over Velemoen Camping