Hopp til innhold
Bygdekino: GOAT // Wuthering Heights - Vest-Telemark.no
© Bygdekinoen

Bygdekino: GOAT // Wuthering Heights

Vinjehuset

Kl. 18.00: GOAT
Frå Sony Pictures Animation – studioet bak Spider-Man™: Across the Spider-Verse – og skaparane av K-Pop Demon Hunters, kjem GOAT, ein original actionkomedie lagt til ei verd der alle innbyggjarane er dyr.
Will er ei lita geit med store draumar, som får ein unik sjanse til å bli med blant proffane og spela brøleball – ein intens fullkontaktsport dominert av dei raskaste og tøffaste dyra i verda. Dei nye lagkameratane til Will er ikkje særleg begeistra for å ha ei lita geit på laget, men Will er fast bestemt på å revolusjonera sporten og bevisa éin gong for alle at «smått kan spela stort!»

Kl. 20.00: Wuthering Heights

Frå den Oscar-vinnande filmskaparen Emerald Fennell kjem «Wuthering Heights», med dei Oscar-nominerte Margot Robbie og Jacob Elordi i hovudrollene.

Filmen er ei djerv og original nytolking av ei av dei største kjærleikshistoriene gjennom tidene, og er Fennells eiga versjon av forteljinga frå Emily Bröntes romanklassikar. Robbie og Elordi spelar eit par der den forbodne lidenskapen deira for kvarandre utviklar seg frå romantisk til rusande i eit episk drama om begjær, kjærleik og vanvit. På rollista finn vi òg Owen Cooper, Charlotte Mellington, Shazad Latif, Alison Oliver, Martin Clunes, Ewan Mitchell og Oscar-nominerte Hong Chau.

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Bygdekinoen
Tlf: 35062170
E-post: synne.aasland@vinje.kommune.no
Heimeside: http://www.bygdekinoen.no

Kart over Vinjehuset