Hopp til innhold
Bygdekino: Krølle Bølle//Michael - Vest-Telemark.no
© Bygdekinoen

Bygdekino: Krølle Bølle//Michael

Vinjehuset

Kl. 18:00: Krølle Bølle

Krølle Bølle bur trygt nede i jorda på Bornholm saman med familien sin og alle dei andre trolla. Her er livet fullt av flaggermusflyging, hulefestar – og reglar, massevis av reglar. Særleg éi regel må aldri brytast: Ein må ikkje gå opp til overflata, for menneska er farlege. Men Krølle Bølle er ein liten ramp som ikkje heilt forstår kvifor ein treng alle desse reglane. Då det plutseleg begynner å buldre der oppe, klarer han ikkje å la vera – han snik seg opp mot menneskeverda for å finne ut kva som skjer. Veslesyster Borra følgjer etter. Det som starta som ein uskuldig rampestrek for dei to, utviklar seg raskt til eit storslått eventyr – fullt av farar, magi og opplevingar større enn noko Krølle Bølle nokon gong kunne drøyme om!

Kl. 20.00: Michael
Den biografiske filmen om pophistoria si aller største legende.
Michael følgjer den ikoniske popsensasjonen sin veg frå talentfull barnestjerne til globalt ikon, og skildrar både dei musikalske triumfane som gjorde han udøyeleg og dei personlege kampane som prega livet hans bak scenen. Gjennom sentrale augneblink i karrieren får vi eit rått portrett av kunstnaren, perfeksjonisten og mennesket bak myten.

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Bygdekinoen
Tlf: 35062170
E-post: synne.aasland@vinje.kommune.no
Heimeside: http://www.bygdekinoen.no

Kart over Vinjehuset