Bygdekino: Minions & Monstre // En nasjon i sjakk
Vinjehuset
Kl. 18:00: Minions & Monstre
Minions inntar Hollywood!
Dei gule, små bråkmakarane har no kome til Hollywood på 1920-talet, der dei prøver å slå gjennom som filmstjerner ved å lage verdas første heilaftans monsterfilm. I jakta på noko som verkeleg er skummelt, brukar dei magi for å mane fram ekte monster, og eit kaos oppstår langt utover sjølve filmsettet. Etter å ha mist kontrollen slår dei seg saman med ei grøn skapning for å rette opp katastrofen dei sjølve har skapt.
Kl. 20:00: En nasjon i sjakk
Krisestaben på Stortinget og leiaren for Delta-troppen, Anton Block, blir stilte overfor den ultimate utfordringa når Noregs statsminister forsvinn. Ein terrorist pressar dei til å delta i eit dødeleg sjakkparti der kvart trekk set menneskeliv i fare. Medan klokka tel ned, kjempar Anton Block og makker Björk Jonsdottir for å redde statsministeren og avverje katastrofen som nærmar seg.
En nasjon i sjakk er ein actionthrillar frå regissør John Andreas Andersen, mellom anna kjend for Nr. 24 og Skjelvet. Filmen er basert på den kritikarroste boka til Johan Høst, som vart ein bestseljar i 2022.
Kontaktinformasjon
Vinje kommune
Tlf: 35062170
E-post: synne.aasland@vinje.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.