Hopp til innhold
Bygdekino: Mira // Top Gun (40th Anniversary) - Vest-Telemark.no
© Bygdekinoen

Bygdekino: Mira // Top Gun (40th Anniversary)

Vinjehuset

Kl. 18.00: Mira

Kva gjer ein når ein aldri har vore forelska og rett og slett ikkje klarer å bli det, uansett kor mykje ein prøver?
Tolv år gamle Mira elskar å skapa ting og pusla med hobbyprosjekt saman med bestevenene Naja og Louis. Men alt endrar seg når Naja blir ven med den nye, kule jenta i klassa. Plutseleg kjenner Mira seg utanfor og byrjar å tvila på om ho framleis kan vere den same når alt rundt henne er i endring.
Skal ho droppa dei kreative prosjekta og heller prøva å vere meir som dei andre jentene som snakkar om kjærleik og forelsking? Fast bestemt på å vinna tilbake vennskapet med Naja, set Mira alt inn på å bli teken opp i jentenes eksklusive «kjærleiksklubb» – ein klubb der ein berre kan vere med dersom ein har vore forelska. Men kva gjer ein når ein aldri har vore forelska og rett og slett ikkje klarer å bli det, uansett kor mykje ein prøver?
Filmen om Mira er basert på den populære bokserien med same namn.

Kl. 20.00: Top Gun (40th Anniversary) 

I feel the need, the need for speed.

I feel the need, the need for speed

Den talentfulle, men impulsive jagarflypiloten Pete «Maverick» Mitchell (Tom Cruise) blir vald ut til eliteskulen Top Gun i det amerikanske sjøforsvaret, der dei beste pilotane konkurrerer om å bli nummer éin. Den uortodokse stilen til Maverick skaper både konflikt og rivalisering, særleg med den disiplinerte piloten Iceman (Val Kilmer).
Eit tragisk uhell ryster sjølvtilliten til Maverick og tvingar han til å konfrontere både personleg tap og si eiga frykt. Når han til slutt blir sett på prøve i ein reell kampsituasjon, må han vise om han kan stole på instinkta sine – og ta ansvar som både pilot og menneske.

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Vinje kommune
Tlf: 35062170
E-post: synne.aasland@vinje.kommune.no

Kart over Vinjehuset