Hopp til innhold
Bygdekino: Mysteriepakken / Pensjonskuppet - Vest-Telemark.no
© @Bygdekinoen

Bygdekino: Mysteriepakken / Pensjonskuppet

Vinjehuset

KL. 18.00: Mysteriepakken

Historia bak filmen er like gåtefull som ho er sann. Filmen til regissør Silje Evensmo Jacobsen tek utgangspunkt i eit ekte og lokalt forankra mysterium. Kvart år får to sysken og familien deira ei anonym pakke sendt frå Arendal. Avsendaren er ukjend, og undringa veks i takt med åra. Når barna bestemmer seg for å finne ut kven som står bak, utviklar det seg til ei engasjerande og rørande forteljing om familie, tilhøyrsle og kor mykje små handlingar som set spor, kan bety.

Kl. 20.00: Pensjonskuppet

Årets villaste komedie!
Etter 40 år med støvtørking og lojalitet får Annema (65) takk for innsatsen i form av sparken som kone. Ektemannen Arne har funne seg ei yngre utgåve og kastar henne på dør. Saman med Nina, som er «for gammal» for arbeidslivet, og Mona, som er for blakk til å klare seg, bestemmer trioen seg for å pensjonere seg frå lovlydigheita.

Dei planlegg eit umogleg kupp: å rane sjølvaste Oljefondet.

Ein ellevill komedie om ein høgst uoffisiell, men velfortent, tidlegpensjon.

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Vinje kommune
Tlf: 35062170
E-post: synne.aasland@vinje.kommune.no

Kart over Vinjehuset