Hopp til innhold
Bygdekino: Operasjon Bever/Havfolket - Vest-Telemark.no
© Bygdekinoen

Bygdekino: Operasjon Bever/Havfolket

Vinjehuset

KL. 18.00: Operasjon Bever
Tenk om du kunne snakka med dyr og forstå kva dei seier?
I Operasjon Bever frå Disney og Pixar har forskarar funne ein teknologi der dei kan setje menneskeleg medvit inn i robotdyr som ser ut som ekte dyr, slik at menneske kan kommunisere med dyr som dyr!
Dyreelskaren Mabel grip sjansen til å bruke denne teknologien, og set sitt eige medvit inn i ein robotbever. Som ein del av dyreriket oppdagar ho mysterium som overgår alt ho kunne drøyme om.

Kl. 20.00: Havfolket
Havfolket er ei nostalgisk, vittig og ellevill hyllest til livet langs norskekysten, og folket som har klort seg fast på øyar, holmar og i fiskevær i uminnelege tider. Kinodokumentaren er sett saman av unike arkivskattar gjennom nesten hundre år, og blant forteljarane er nokre av dei beste stemmene langs kysten, som Halvdan Sivertsen, Trude Drevland og Pål «Moddi» Lue.

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Bygdekinoen
Tlf: 35062170
E-post: synne.aasland@vinje.kommune.no
Heimeside: http://www.bygdekinoen.no

Kart over Vinjehuset