Hopp til innhold
Bygdekino : Pelle pus får en ny venn / Housemaid - Vest-Telemark.no
© Bygdekinoen

Bygdekino : Pelle pus får en ny venn / Housemaid

Vinjehuset

Kl18. Pelle Pus får ein ny ven
Ein vinterdag oppdagar Pelle Pus og vennen hans Pusemus noko fantastisk: snø! Men dei møter òg ein ny nabo – ein stor og bråkete hund som heiter Voff. Kattar og hundar går vel ikkje så godt saman? På flukt frå Voff finn dei ei kjelke og susar mot åsane. Undervegs møter dei gamle vener som sauene og ekorna, og får nye vener i harane. Men Voff er like bak. Er han eigentleg så skremmande, eller vil han berre vere ven?
Pelle Pus får ein ny ven er ei koseleg forteljing om korleis ein kan bli vener trass ulikskapar – og litt moro i snøen hjelper alltid! Ei fin filmoppleving for dei minste, der publikum blir oppmoda til å synge og klappe med.
Velkomen på kino!


Kl.20 The Housemaid
THE HOUSEMAID er ein spennande thriller med Sydney Sweeney og Amanda Seyfried i hovudrollene, basert på bestseljaren Hushjelpen av Freida McFadden. Millie (Sweeney) tek jobb som hushjelp hos den styrtrike Nina (Seyfried) og Andrew Winchester for å flykte frå fortida. Det som verkar som ein draumejobb, blir raskt til eit livsfarlig spel – fullt av hemmelegheiter, skandalar og maktkamp. Bak dei stengde dørene hos familien Winchester ventar sjokkerande avsløringar i ein film med tvistar og overraskingar. Perfeksjon er berre ei illusjon – er alt eigentleg slik det ser ut?

Prisar

Pris: 110,00

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Vinje kommune
Tlf: 91696741
E-post: david.ronnlund@vinje.kommune.no

Kart over Vinjehuset