Hopp til innhold
Bygdekino : Ruffen / Affeksjonsverdi - Vest-Telemark.no
© Bygdekinoen

Bygdekino : Ruffen / Affeksjonsverdi

Vinjehuset

Ruffen: Sjøormen som ikkje kunne symje
Kl. 18


Eit eventyr om ei ung sjøorm si reise for å redde verda si frå å bli oppdaga av menneske.
På ei hemmeleg øy, ein stad langt ute i havet, bur Ruffen saman med dei andre sjøormane. Han held seg for seg sjølv, for han er annleis – han kan ikkje symje.
Sjøormane lever lukkelege og bekymringslause liv, men dei er redde for éin ting: å bli oppdaga av menneske. Heldigvis har dei onkel Ludvik til å passe på seg. Med kinesisk drakeblod i årene kan han blåse røyk ut av nasebora og dekkje øya med tåke kvar gong eit skip nærmar seg.
Men når lagnaden til sjøormane plutseleg avheng av at nokon reiser til Tante Bessie i Loch Ness på eit svært viktig oppdrag, må Ruffen overvinne frykta og vise kva han er god for. På reisa møter han både vener og fiendar – og til slutt er det berre han som kan redde øya frå å bli oppdaga.

---

Affeksjonsverdi
Kl. 20


Affeksjonsverdi følgjer skodespelaren Nora (Reinsve) og systera hennar Agnes (Lilleaas) når den karismatiske faren deira, Gustav (Skarsgård), plutseleg dukkar opp i livet deira igjen etter langvarig fråvær. Gustav var ein gong ein kjend filmregissør og ønskjer no Nora i hovudrolla i sitt store comeback. Å arbeide med faren er det siste Nora kan tenkje seg. Ho takkar nei, og inn kjem den amerikanske skodespelaren Rachel Kemp (Fanning), som kjem til Noreg for å spele rolla Gustav skreiv til Nora.
Plutseleg må dei to systrene ikkje berre forhalde seg til faren – dei får òg ein Hollywood-stjerne tråkkande rundt i barndomsheimen, midt i det personlege familiedramaet.

Prisar

Pris: 110,00

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Vinje kommune
Tlf: 91696741
E-post: david.ronnlund@vinje.kommune.no
Heimeside: http://Vinje.kommune.no

Kart over Vinjehuset