Hopp til innhold
Bygdekino: Sauedetektivene//The Devil Wears Prada 2 - Vest-Telemark.no
© Bygdekinoen

Bygdekino: Sauedetektivene//The Devil Wears Prada 2

Vinjehuset

Kl. 18.00: Sauedetektivene
Sauedetektivane er ein morosam og spennande film for heile familien. Vi følgjer gjetaren George Hardy, som elskar sauene sine og les høgt frå kriminalromanar for dei kvar kveld. Det George ikkje veit, er at dei sylskarpe sauene forstår kvar einaste finurlege detalj og diskuterer spor og hint time etter time.
Når deira kjære George plutseleg døyr under mystiske omstende, skjønar flokken raskt at dette ikkje er ei ulukke, men ei ekte kriminalsak! Med ein lokal politimann som er heilt på tynn is, bestemmer dei modige sauene seg for å forlate den trygge, irske enga for aller første gong. No må dei bruke all sin kløkt og samarbeidsevne for å løyse mysteriet og redde familien sin!

Kl. 20.00: The Devil Wears Prada 2

Meryl Streep, Anne Hathaway, Emily Blunt og Stanley Tucci er tilbake i dei ikoniske rollene sine i ein svært etterlengd oppfølgjar til fenomenet The Devil Wears Prada.

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Bygdekinoen
Tlf: 35062170
E-post: synne.aasland@vinje.kommune.no
Heimeside: http://www.bygdekinoen.no

Kart over Vinjehuset