Bygdekino: Shauen Shaun-Gårdens fårbannelse / Drapet på Benjamin Hermansen
Vinjehuset
Kl. 18.00: Sauen Shaun- Gårdens fårbannelse
Sauen Shaun er tilbake!
Innbyggjarane på Mossy Bottom Farm gler seg til halloween, heilt til den klønete bonden øydelegg den kjære graskarhagen til flokken. Shaun prøver seg som vitskapsmann for å løyse problemet, men ting kjem raskt ut av kontroll. Det fører til at eit villdyr byrjar å streife rundt i skogen.
Kl. 20.00: Drapet på Bejamin Hermansen
Ei vinternatt på Holmlia mistar 15 år gamle Benjamin livet – drepen av 19 år gamle Joe Erling, berre fordi han er mørk i huda.
Eitt år seinare står Benjamins mor, Marit, overfor det verste marerittet ein forelder kan oppleve: rettssaka mot mannen som drap son hennar.
Vi følgjer Marit sin kamp i retten, og gjennom tilbakeblikk til livet før tragedien blir to lagnader vovne saman.
Benjamin veks opp omgjeven av vener og ei mor som tek godt vare på han, medan Joe Erling blir forma i eit miljø prega av omsorgssvikt.
Begge bur i område med låg sosial status. Benjamin opplever å bli stigmatisert av politiet, medan Joe Erling søkjer tryggleik og glir inn i det nynazistiske Boot Boys-miljøet.
Filmen skildrar kor sårbart det er når unge gutar prøver å finne seg sjølve og ein stad å høyre til – og kor katastrofale konsekvensane kan bli når hatet får rom til å vekse.
25 år etter drapet på Benjamin Hermansen er dette ei historie vi framleis må fortelje – om rasisme, tap og håpet om forsoning i eit samfunn som ikkje må gløyme.
Kontaktinformasjon
Vinje kommune
Tlf: 35062170
E-post: synne.aasland@vinje.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.