Hopp til innhold
Bygdekino: Shauen Shaun-Gårdens fårbannelse / Verity - Vest-Telemark.no
© Bygdekinoen

Bygdekino: Shauen Shaun-Gårdens fårbannelse / Verity

Vinjehuset

Kl. 18.00: Sauen Shaun- Gårdens fårbannelse

Sauen Shaun er tilbake!

Innbyggjarane på Mossy Bottom Farm gler seg til halloween, heilt til den klønete bonden øydelegg den kjære graskarhagen til flokken. Shaun prøver seg som vitskapsmann for å løyse problemet, men ting kjem raskt ut av kontroll. Det fører til at eit villdyr byrjar å streife rundt i skogen.

Kl. 20.00: Verity 

Verity er ein forførande psykologisk thriller basert på den bestselgjande romanen til Colleen Hoover. Vi møter den anerkjende forfattaren Verity Crawford (Anne Hathaway) og Lowen Ashleigh (Dakota Johnson), ein pressa forfattar som flyttar til den avsidesliggjande Crawford-eigedomen for å vere skuggeskrivar for Verity.

Då Lowen oppdagar det som ser ut til å vere Verity sine urovekkjande sjølvbiografiske notat, blir ho dregen inn i mørke og forvridde vedkjenningar om Verity sin ektemann, Jeremy (Josh Hartnett). Etter kvart som grensene blir viska ut, kjempar ho med å skilje fiksjon frå verkelegheit, manipulasjon frå tiltrekning og moglegheit frå besetjing.

 

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Vinje kommune
Tlf: 35062170
E-post: synne.aasland@vinje.kommune.no

Kart over Vinjehuset