Evigvarande folketonar - konsert med Lina Haugholmen og Herman Gautefald
Vinjehuset - Vestibylekonsert
Evigvarande folketonar - konsert med Lina Haugholmen og Herman Gautefald
Felespelar Herman Gautefald og songarinne Lina Haugholmen er ein folkemusikkduo busett i Vest-Telemark. Herman bur i Kviteseid, og Lina bur saman med familien sin i Tokke, men båe kjem opphavleg frå Helle i kystkommunen Kragerø.
Dei er svært begeistra for dei gamle og uutslitelege folketonane, og har no sett saman ein konsert dei har valt å kalle:
«Evigvarande folketonar»
Her har dei samla eit spennande og særmerkt repertoar, som inneheld mange av dei vakraste folketonane, slåttane og salmefolketonane. Fleire av tonane har òg sitt opphav i Vest-Telemark.
Meir informasjon om artistane:
Herman Gautefald (f. 1991) kjem opphavleg frå Helle i Kragerø kommune. Han spelar fele og hardingfele, bur i Kviteseid og jobbar som lærar ved Kvitsund Gymnas. Herman har studert folkemusikk ved USN Rauland, og har hatt fleire folkemusikkonsertar og opptredenar rundt om i fylket og landet.
I 2025 vann Herman, saman med Lisa Haugeland, klassa gruppespel på Landskappleiken.
Lina Haugholmen (f. 1979) kjem òg opphavleg frå Helle i Kragerø kommune, men har dei siste 21 åra budd i Austheii i Tokke kommune saman med mann og born. Lina har vore ein aktiv songar gjennom heile livet, men det er først dei siste ti åra ho har vorte ei meir kjend stemme i Vest-Telemark. Ho har opptrådt som songar på ei rekkje ulike arrangement innan kultur- og kyrkjelivet, i private samkomer, på kafear, i gravferder, bryllaup, festar, kunstopningar, seminar og meir til. Ho har òg halde mange konsertar rundt om i Vest-Telemark.
Ho har eit breitt musikalsk spenn og syng i mange sjangrar, men folkemusikken er favorittsjangeren hennar. Ho har alltid vore svært begeistra for dei vakre og unike tonane – og tekstane – ein finn i folkemusikken.
Lina samarbeider med fleire kjende musikarar i fylket, og har fleire musikalske samarbeid gåande samstundes.
Kontaktinformasjon
Vinje kommune
Tlf: 35062170
E-post: synne.aasland@vinje.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.