Familieforestilling: 3 Bukkene Bruse, Trollefar og trollelydene
Rauland barnehage
Folkeakademiet Rauland inviterar til familieførestillinga 3 Bukkene Bruse, Trollefar og trollelydene med Iver Bjurgren - på Rauland barnehage! Førestillinga er ei interaktiv og musikalsk reise gjennom det kjende eventyret! Her møter barna ikkje berre dei tre bukkene, men òg ein trollefar som kanskje ikkje er så skummel som ein trur. Ved hjelp av spennande lydar, instrument og barna si eiga deltaking blir det skapt ei magisk teateroppleving som utforskar vennskap og det å tore å vere seg sjølv.
Iver Bjurgren er ein allsidig formidlar og musikar som kombinerer humor, alvor og varme i framsyningane sine. Med lang erfaring frå både musikkteater og scenekunst inviterer han publikum inn i univers som spenner frå magiske trollskogar til personlege refleksjonar rundt livets modne år.
Inngang:
Ordinær: vaksen 150 / barn 100
Medlem i Fa Rauland eller Vinje: vaksen 100 / barn 50
Kontaktinformasjon
Folkeakademiet Rauland
Tlf: +4791702497
E-post: i_rosemarie@hotmail.com
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.