Hopp til innhold
Folkemusikk- og folkedansdag for barn - Vest-Telemark.no
© Falkeriset

Folkemusikk- og folkedansdag for barn

Raulandsakademiet

Falkeriset Folkemusikklag inviterar til folkemusikk- og folkedansdag for barn, sundag 31. mai på Raulandsakademiet!

Målgruppa for dagen er barn 5 - 10 år. Dersom barnet er yngre må de ha med seg ein vaksen. Eldre barn er også velkomne.

Eit foreløpig program ser slikt ut:

1100-1120 Lærar presentasjonar (konsert)
1120-1140 Felles leik/dans
1140-1220 Mat
1220-1420 Stasjonar: instrument, kveding, halling (ca. 20-25 min per stasjon)
1420-1500 Felles leik med litt pardans
1500-1530 Presentasjon til foresatte og vel heim

Vi har med oss Even Westeng, Hillborg Romtveit, Lars Erik Øygarden, Sara Fjågesund Aase og Signe Årdalen Tveiti og kanskje nokre fleire!

I tillegg til opplegget til barna vert det ein times dansekurs for vaksne og ein uformell kaffeprat blant foreldre og arrangører. Vi håper det kjem mange barn og vaksne frå fleire plasser i fylket og vi kan bygge nettverk blant store og små! Del gjerne informasjonen vidare!
Kursavgift er 200kr per barn og inkluderar varm mat, drikke og frukt. Dersom foreldre ynskjer seg mat er det 120kr. Det kjem meir informasjon om betaling når det nærmer seg.

Her er påmeldingsskjema som vi håper du kan dele vidare med medlemmer, kulturskulekollager og -elever og andre interesserte: https://nettskjema.no/a/564848

Påmeldingsfrist 20. mai

Ta kontakt med leiaren Ingrid Hamberg med spørsmål - ingrid.hamberg@usn.no

Prisar

Barn: 200,00

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Falkeriset folkemusikklag
Tlf: 91702497
E-post: ingrid.hamberg@usn.no

Kart over Raulandsakademiet