Foredrag Maja Lunde - Skjerm barna!
Vinjehuset
Velkomen til foredrag med Maja Lunde – Skjerm barna!
Helse og førebygging i Vinje kommune ynskjer å invitere alle som har barn, jobbar med barn eller er opptatt av barn sine oppvekstmiljø til eit spennande foredrag om korleis skjermbruk påverkar barn og unge.
I dette foredraget set Maja Lunde fokus på barna sin bruk av skjerm og korleis det påverkar leik søvn, aktivitet, leselyst og sosialt samvær; alt det eit barn treng for å ha det bra.
Maja Lunde sin bekymring for kva det tyder på sikt at me gjev barna våre fri tilgang til sosiale medier, blir delt av mange. I dette foredraget kjem ho med forslag til kva me kan gjera med vår bekymring og korleis me som vaksne kan ta ansvar for barna våre sin bruk av teknologi og digitale tenester.
Det blir høve til å stille spørsmål!
Maja Lunde er ein av dei mest anerkjende forfattarane i Noreg, kjend for bøkar som «Bienes historie», «Blå», «Snøsøsteren» og «»Skjerm barna». Ho har seld over fire millionar bøkar på 40 ulike språk. I 2020 fekk Maja Lunde både Bjørnsonprisen og Peer Gynt-prisen. Ho er utdanna medievitar med psykologi i fagkretsen og har i fleire år engasjert seg i korleis skjermbruk påverkar barn og unge.
Prisar
Gratis inngang
Kontaktinformasjon
Vinje kommune, helse og førebygging
Tlf: +4791719034
E-post: tove.haugen@vinje.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.