Forfattarsamtale - "Så gjør vi så"
Vinjesenteret
Velkomen til forfattarbesøk på Vinjesenteret 29. april kl. 18.00!
Helga Flatland frå Flatdal gav ut romanen Så gjør vi så hausten 2025. Dette er hennar åttande roman. Flatland har alt hausta gode kritikkar for boka, og frå omtala til Forlaget Aschehoug skriv at romanen Så gjør vi så skildrar korleis makt og avmakt vert forhandla i relasjonar. Gjennom eit mikrokosmos av korpsdugnadar, middagar og kvardagsaugneblinkar viser romanen korleis vi lev i spennet mellom plikt og omsorg, forsvar og skuld, medan det store raser rundt oss - og det vesle likevel krev sitt.
Samtalen blir leia av forfattar Ruth Lillegraven. Lillegraven har gjeve ut kring tjue bøker for barn og vaksne i ulike sjangrar, og mellom anna fått Nynorsk litteraturpris og Brageprisen. Forfattarane vil samtale om boka, men også snakke om heile forfattarskapen. Har skrivinga endra seg sidan debuten?
Prisar
Voksen: 200,00
Medlem: 150,00
Kontaktinformasjon
Vinjesenteret
Tlf: +4746706073
E-post: ea.kristine.bakken@nynorsk.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.