Fotball VM 2026: Noreg - Frankrike!
Vinjehuset
Fredag 26. juni inviterer me til fotballkveld på Vinjehuset!
Fotball-VM samlar folk over heile verda og no kan du oppleve meisterskapsstemninga saman med oss!
Me viser kampen mellom Noreg og Frankrike på storskjerm i festsalen, og legg til rette for ei ekte VM-oppleving med god lyd, stort lerret og fullt amfi!
Dette er ein viktig kamp i meisterskapet, og alt ligg til rette for spenning, jubel og engasjement når to sterke lag møtest.Ta turen og kjenn på fellesskapen, nerven og gleda som berre fotball-VM kan gi!
Arrangementet er gratis, men me oppmodar alle om å melde seg på på førehand. Meld deg på her
Ta med deg vener og familie – me lovar topp stemning i salen!
Kontaktinformasjon
Vinje kommune
Tlf: 35062170
E-post: synne.aasland@vinje.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.