Fuglar og dyr rundt huset i skogen
Vinjesenteret
Onsdag 25.mars kl. 18.00 vil Jan Rabben vise?bilete?og presentere boka si?«Fuglar?og dyr rundt huset i skogen»?på Vinjesenteret.?I boka møter du?nokre?av?dei?vanlegaste?dyra og?fuglane?i skogen og i skogkanten. Mellom anna kan du bli kjent med 50?fugleartar. Huset i skogen ligg på Stord, men?mange av fuglane?og dyra finn me også i Vinje. Nesten alle?bileta?er?tekne?mindre enn hundre meter?frå?huset og viser kor?mykje?vi kan oppleve i nærnaturen.?Foredraget og boka er full av små historier, naturkunnskap og?ikkje?minst spektakulære?bilete.??
Boka?er til sals etter arrangementet.??
Bakgrunn:?
Jan Rabben?er?frå?Ellingsøya?i Ålesund og har budd på Stord?sidan?1991. Han har utdanning?innan?biologi og geografi, og han har jobba som frilans naturfotograf og?forfattar?det meste av yrkeslivet. Jan Rabben har m.a. gitt ut 13 bøker, aleine eller?saman?med andre.?Som naturfotograf er Jan Rabben tilknytt?biletbyrået?NTB Scanpix. Han er medlem i Norske Naturfotografer,?BioFoto?og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Prisar
Voksen: 100,00
Medlem: 75,00
Kontaktinformasjon
Vinjesenteret
Tlf: +4746706073
E-post: ea.kristine.bakken@nynorsk.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.