Gubben og Katten og Hanespetaklet på biblioteket i Åmot
Vinje folkebibliotek Åmot
«Gubben og Katten og Hanespetaklet» er ei framsyning fylt med latter, spenning og fantasi for store og små, basert på ei av dei kjende bøkene til Sven Nordqvist om Gubben og katten.
Gustavsen vil lage gryterett av hanen, men Pettersen tek han med seg heim. Han tenkjer at hanen kan halde styr på hønene hans.
Katten Findus mislikar det nye bekjentskapet – han er skeptisk, blir sjalu og irritert over all galingen. Denne hanen er spesielt glad i å gale, høgt, lenge og ofte.
Gubben må prøve å løyse konflikten då også han synest at hanen byrjar å bli vel høglydt. Han inngår ein avtale med hanen om når og korleis han kan gale. Findus gjer sjølvsagt sitt ytterste for at hanen ikkje skal trivast, og det endar med at hanen dreg sin kos.
Møt Gubben Pettersen, Katten Findus og Hanespetaklet i ei morosam framsyning, levandegjort av dyktige skodespelarar etter ei av dei kjende bøkene til Sven Nordqvist om Gubben og katten.
Produsert og framført av Askeladden Friteater
Skodespelarar:
Karoline Nysveen, Sebastian Eilertsen og Emrik Vatndal.
Dramatisering og regi: Bjørn Helge Warud See less
Prisar
Barn: 100,00
Voksen: 150,00
Kontaktinformasjon
Vinje kommune
Tlf: 91696741
E-post: david.ronnlund@vinje.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.