Hopp til innhold
Rauland kyrkje
© Ove Mellingen

Gudsteneste Rauland kyrkje

Rauland kyrkje

Velkomen til Rauland kyrkje Olavsdagen/Olsok kl 18
Evangelieteksten for dagen er henta frå Johannesevangeliet kap 12,24-26, medan lesetekstene er frå profeten Jeremias kap 1,17-19 og Åpenbaringsboka kap 12, 10-11.
Prest er vikar Roald Drønen, organistvikar Knut Olav Uppstad og kyrkjetenar er Espen Jensen.
Offer til Eige arbeid

Rauland kyrkje, som ligg så fint til ved Totak strond, er ei krosskyrkje som vart bygd i 1803. Før den tid stod det ei
gamal stavkyrkje på staden.
Kyrkja har plass til omlag 200 personar og er soknekyrkje for Rauland og Møsstrond sokn øvst i Øvre Telemark prosti i Agder og Telemark bispedøme. Soknet inkluderer bygda Arabygdi i vest, og strekk seg innover Hardangervidda.
Møsstrond kyrkje ligg og i dette soknet etter at sokna blei slegne saman.
Bygginga av den «nye» Rauland kyrkje vart leia av den kjende kyrkjebyggjaren Jarand Rønjom frå Åmotsdal.
Halvor Høgkasin stod for sjølve bygginga. Jarand Rønjom bygde først Åmotsdal kyrkje (1792) og Vinje kyrkje (1796). Desse tre kyrkjene er nokså like, og bygde i tida sin stil, empirestilen, med inspirasjon frå gamle Skien kyrkje

Prisar

Gratis inngang

Kontaktinformasjon

Kyrkja i Vinje
Tlf: 35 06 25 85
E-post: kyrkjekontoret@vinje.kommune.no
Heimeside: https://www.vinje.kyrkja.no/

Kart over Rauland kyrkje