Hallinghelg
Raulandsakademiet
Velkomen til ny hallinghelg 25. – 27. september
- denne gongen i Rauland!
Dette blir det tredje hallingseminaret i arbeidet mot ei bok om hallingdans. Temaet for denne samlinga blir som tidlegare å gjennomgå nye kjelder som har dukka opp. I tillegg skal vi denne samlinga også fokusere på halling som pardans. Det passar godt når me er i eit av distrikta med størst kjeldetilfang for gangar/halling som pardans.
Førebels program (det kjem endringar etterkvart - følg med på FB-arrangementet!)
*Fredag 25. september*
18:00 – 20:00 Middag på Raulandsakademiet (bestill på forhånd hjå Raulandsakademiet)
20:00 Dansekonsert med Sværsvip (https://fb.me/e/3YtjsRQim) Dans og sosialt etter konserten.
*Laurdag 26. september*
10:00-17:00: Vi deler oss i praktiske seksjonar og seminar.
18:00 Middag på Raulandsakademiet (bestill på forhånd hjå Raulandsakademiet)
19:30 Dans og sosialt i Gardsjordstoga
*Sundag 27. september*
10:00-12:00 Me held fram med programmet frå sundagen
12:00-13:00 Felles avslutning
Det er gratis å delta denne helga, og me oppmodar alle om å søke sine lokallag om reisestøtte! Alle må dekke reise, kost og losji sjølve.
Vel møtt!
Arrangørar:
Styringsgruppa: Gunnlaug Myhr, Martin Myhr og Egil Bakka
Lokale arrangørar: USN Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, Falkeriset Folkemusikklag, Folkemusikkscena på Rauland
Alle datoar
Fredag 25. september: 20.00 – 23.45
Laurdag 26. september: 09.00 – 23.45
Kontaktinformasjon
USN, Folkemusikkscena på Rauland, m.fl.
Tlf: +4735026604
E-post: ingrid.hamberg@usn.no
Heimeside: https://fb.me/e/6VSRTuBEv
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.