Haukelirennet 2026
Haukelifjell Skisenter
Om rennet
Haukelirennet er eit internasjonalt turrenn som blir arrangert av Idrettslaget Rein på Haukelifjell kvart år. Start og mål er i Haukelifjell skisenter, og løypa slyngar seg gjennom majestetisk høgfjellsnatur!
Skiglede, rekruttering og mangfald er i fokus, og både eliten, ungdommar, aktive skiløparar, mindre aktive skiløparar, barnefamiliar og turgåarar er på plass når Haukelirennet går av stabelen på vårsida. Me har nemleg ei distanse for alle – både med og utan tidtaking.
Vårsol, norske flagg, kvite vidder og rungande jubel er stikkord som skildrar denne dagen. Velkommen til Noregs blidaste turren på Haukelifjell 11. april 2026.
Om distansane
Haukelirennet er 32 km lang og går i fristil. Det blir køyrd klassiskspor for dei som ynskjer det. I same felt som dei aktive startar også mosjonistane som enten kan gå 32 km eller 18 km og ungdomsklassa som går 12 km på tid. Trimmarane kan gå så langt eller kort dei sjølv ynskjer. Vennerennet for dei yngste er gratis og finn stad i Haukelifjell skisenter.
Prisar
Pris: 0,00
Kontaktinformasjon
IL Rein
Tlf: 45463951
E-post: margit@haukelirennet.no
Heimeside: https://haukelirennet.no/
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.