Hopp til innhold
Joleframsyning og verkstad - Vest-Telemark.no
© Vinjesenteret

Joleframsyning og verkstad

Vinjesenteret

Kom i jolestemning på Vinjesenteret!

Vinjesenteret er ope frå kl. 12.00– 17.00. Det er joleverkstad i heile opningstida og gratis risgraut så lenge det rekk. Framsyninga «Eit hjarte til jul» startar kl. 13.00
Pris: 75 kr per person. Gratis for born under 2 år.

Om den musikalske joleforteljinga «Eit hjarte til jul»
Nora er ni år. Ho gler seg til jol, men ho gruar seg òg. Mamma ligg på sjukehus. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Nora tenkjer mykje på om mamma vil få eit hjarte i tide og om det vil koma før jol. Ein annan ting ho tenkjer mykje på er om mamma vil vera den same med eit nytt hjarte? Vil mamma vera glad i henne på same måten som før? For ho har jo lært at kjærleiken sit i hjartet?

Eit hjarte til jul er ei historie om dei vonde tankane som kan oppstå når nokon ein er glad i er alvorleg sjuk. Samstundes er det ei varm forteljing om å finne trøyst og tryggleik, og om å ikkje gjeopp håpet.

Musikar og forfattar Line Dybedal deler forteljinga gjennom song og piano. Gitarist Mathias Marstrander skaper musikalske stemningsbilete, og teikningane til illustratøren Line Renslebråten lyser opp scena.

Prisar

Pris: 75,00

Kontaktinformasjon

Vinjesenteret
Tlf: +4746706073
E-post: ea.kristine.bakken@nynorsk.no

Kart over Vinjesenteret