
Klangen av norsk utvandring: Nye historiske perspektiv og hardingfelemakeri i Amerika
USN Rauland / Raulandsakademiet
Vi utforskar klangen av norsk utvandring: I kva grad utfordrar ny forsking våre forståingar av norsk utvandring og kulturarv?
Gjennom to foredrag og ei utstilling inviterer vi til eit møte med norsk utvandringshistorie og hardingfelemakeri i Amerika. Arrangementet løftar fram både historisk forsking og handverkstradisjon, med nye blikk på norsk utvandring, samt Gunnar (1885–1976) og Knut (1880–1919) Helland ("Helland Brothers") sitt arbeid som hardingfelemakarar i Midtvesten.
Alle delar av arrangementet er gratis og opne for publikum. Publikum får høve til å reflektere over utvandringa sine mange fasettar, både gjennom å høyre foredrag og oppleve ei unik utstilling av instrument og historiske materiale. Arrangementet er ein del av Forskingsdagane 2025 ved USN.
15.00–16.00, Myllarsalen
Norsk utvandringshistorie – gamle og nye perspektiv (foredrag)
James Godbolt, professor emeritus i historie på USN
I år er det to hundre år sidan den første organiserte utvandringa til Nord-Amerika. I underkant av ein million nordmenn har utvandra til USA og Canada sidan 1825. Etter Irland sende Norge flest utvandrarar i forhold til folketalet. Korleis har tidlegare historikarar sett på historia om norsk utvandring? Kva tema har historikarar vore interessert i, og korleis har dei forklart utvandringa? I dag er historieforskinga prega av tematisk mangfald og nye perspektiv, men også kontinuitet. I kva grad har nyare forsking ført til å stadfeste eller utfordre tidlegare forklaringar? Foredraget tar opp nye perspektiv i utvandringshistoria, mellom anna forholdet mellom urfolk og norske settlarar.
16:30–17:45, Midtstoga
Helland Brothers: norskamerikanske hardingfelemakarar i Midtvesten (foredrag og utstilling)
Benjamin Rygh, Ottar Kåsa, Kjetil Mebeg Myhren, Laura Ellestad (Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, USN Campus Rauland)
Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk markerer 200-års jubileet for norsk utvandring til Nord-Amerika i 2025 gjennom eit åpent foredrag og utstilling om hardingfelemakarane «Helland Brothers» – brørne Knut (1880–1919) og Gunnar G. Helland (1885–1976) frå Bø i Telemark, som utvandra til Wisconsin/Minnesota rundt århundreskiftet og starta felemakeri. Foredraget vil drøfte felemakarane frå ulike faglege perspektiv. Benjamin Rygh (universitetslektor i folkemusikk ved USN) og Kjetil Meberg Myhren (bachelorstudent i instrumentmaking ved USN) vil drøfte formspråk og konstruksjonsmetodar hos Helland Brothers basert på analysemetodar Rygh har brukt og utvikla gjennom doktorgradsarbeidet (Rygh, 2025). Ottar Kåsa (hardingfelemakar, -utøvar og førstelektor i folkemusikk ved USN) vil drøfte instrumenta frå eit felemakarperspektiv, m.a. i høve dekor og klang. Laura Ellestad (førsteamanuensis i folkemusikk ved USN) vil drøfte brørne sin biografiske, kulturelle og historiske kontekst i Noreg og Amerika.
Instrumenta til Helland Brothers er lite kjend i den norske konteksten. Foredraget vil bli supplert med ei instrumentutstilling med tilhøyrande informasjonsplansjer.
I tillegg til instrumentutstillinga vil det også vera høve til å sjå utstillinga «Hand Me Down the Fiddle: Norwegian Fiddlers, Fiddles and Fiddle tunes in the Upper Midwest» som skildrar norske og norskamerikanske felespelarar, samt felemakarar og folkemusikkinnsamlarar frå norskamerikanske samfunn i det øvre Midtvesten. Utstillinga er kuratert av den amerikanske musikaren og forskaren Beth Hoven Rotto og har tidlegare vore utstilt ved Vesterheim Norwegian-American Museum i Decorah, Iowa, USA.
Foredraga og utstillingane inngår også som del av den internasjonale fagkonferansen «Folkemusikk på vandring: transatlantisk utveksling av folkemusikk- og dansetradisjoner» i regi av Norsk folkemusikklag. Konferansen blir arrangert på campus Rauland 17.–19. september i samarbeid med Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved USN. Konferansen er også del av nettverket Crossings 200 og inngår som del av nasjonale markeringar av 200-års jubileet for norsk utvandring i 2025.
Kontaktinformasjon
Universitetet i Sørøst-Norge
Tlf: 35 02 65 25
E-post: le@usn.no
Heimeside: https://www.usn.no/forskning/forskningsformidling/forskingsdagane/kalender/klangen-av-norsk-utvandring-nye-historiske-perspektiv-og-hardingfelemakeri-i-amerika?instance=0
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.