Hopp til innhold
Anno Musea i Nord-Østerdalen
© Public domain

KONFERANSE - Folkemusikk på vandring: Transatlantisk utveksling av folkemusikk- og dansetradisjonar

USN Rauland / Raulandsakademiet

I 2025 er det 200 år sidan dei fyrste utvandrarane frå Noreg dro til Nord-Amerika. I tiåra som fylgde reiste om lag 800 000 nordmenn over for å søkje lukka, og det vaks fram store norsk-amerikanske miljø, særleg i Midtvesten. Blant desse var musikarar, songarar og dansarar, som alle tok med seg norske tradisjonsuttrykk.

Migrasjon er ein sentral del av den norske historia, også den folkemusikalske historia. Norsk folkemusikklag ynskjer å belyse den transatlantiske utvekslinga av folkemusikk- og dansetradisjonar gjennom konferansen "Folkemusikk på vandring" – NFL sin fagkonferanse for 2025. På denne konferansen vil vi bli betre kjend med nokre av dei som utvandra, og med korleis folkemusikk- og dansetradisjonane etter dei norske utvandrarane har utvikla seg fram til våre dagar.

Temaa på konferansen spenner breitt, frå konsertføredrag om meisterspelemannen Olav Moe sine spelferder i Amerika på starten av 1900-talet, til innlegg om dagens folkedansgrupper i det øvre Midtvesten. Om springartradisjonen i Nord-Amerika, og korleis den kjem til uttrykk i dag, og om den norske folkesongen på andre sida av havet.

Dette blir ei sjeldan moglegheit til å få med seg eit breitt program som kastar lys over mange tema knytt til utvandringa og korleis den prega folkemusikken og -dansen. Vi håpar du vil nytte høvet, og at vi ser deg på konferansen!

Kjøp billettar her

Kontaktinformasjon

Norsk folkemusikklag
Tlf: 35 02 65 25
E-post: le@usn.no
Heimeside: https://norskfolkemusikklag.wordpress.com/norsk-folkemusikklag/2025_konferansen/

Kart over USN Rauland / Raulandsakademiet