Hopp til innhold
Ensemble Logos frå Heddal vitjar Grunge kyrkje 15.okt
© Ensemble Logos

Kulturkveld i Grunge kyrkje

Grunge kyrkje

KULTURKVELD I GRUNGE KYRKJE 15.okt kl 19.00

GREGORIANSK SONG • NORSKE FOLKETONER • MIDDELALDERKLANG

Bli med på ei musikalsk reise tilbake til middelalderen – der gregoriansk song møter norske folketonar, og gamle klangar får nytt liv.

Ensemble LOGOS frå Heddal, under leiing av Guntar Pranis, arbeider med historisk informera framføring av gregoriansk song og utforskar samtidig nye musikalske uttrykk der songtradisjonen frå middelalderen møter arven frå norsk folkemusikk.

Med Guntar Pranis på song og dreielire, saman med Ensemble LOGOS, skapast eit musikalsk landskap der den menneskelege stemma og dreieliras særeigne klang smelter saman.

Konserten byr på gregorianske melodiar, norske folketonar og nye arrangement inspirera av middelalderens musikalske verd. Den unike dreielira – eit av middelalderens fascinerande instrument – tilfører musikken ein heilt eigen og levende klang.

Dette blir meir enn ein konsert – det vert ei musikalsk tidsreise, der historie, tru, folkemusikk og improvisasjon møtast.

Grungedal sokneråd ynskjer velkommen til ei spennande, vakker og unik konsertoppleving med Ensemble LOGOS.

Prisar

Pris: 200,00

Kontaktinformasjon

Kyrkja i Vinje
Tlf: 35 06 25 85
E-post: kyrkjekontoret@vinje.kommune.no
Heimeside: https://www.vinje.kyrkja.no

Kart over Grunge kyrkje