Litteraturdagane 2025 dagprogram fredag
Vinjesenteret
12.00: Impulsar frå Kristiania
Aasmund Olavsson Vinje var Drammens Tidende sin Kristiania-korrespondent frå 1851 til 1859. Kva formidla han til Drammen og resten av landet? Føredrag ved fyrsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Inga Undheim.
13.00: Eventyrlege inspirasjonar
Forfattar Leander Djønne kjem i haust ut med romanen Alt et. Møt han i samtale med Hilde Vesaas.
14.15: Påverknader
Kva har Halldis Moren Vesaas hatt å seia for norsk litteratur? Kan me tenkje oss kva som strøymde gjennom henne, busett i ei lita bygd, open for impulsar frå verda? Møt Sandra Lillebø i samtale med Svanhild Amdal Telnes. Føler dei litterært slektskap med Moren Vesaas? Samtaleleiaren er Eirik Bø.
15.00: Mørke impulsar
Carline Tromp fortel om framveksten av ekstreme politiske rørsler på høgresida, og korleis dei brukar internett til å formidle polariserte og kontroversielle bodskap.
For billettar sjå: >
https://ebillett.no/90036100000000
Kontaktinformasjon
Vinjesenteret
Tlf: +4746706073
E-post: ea.kristine.bakken@nynorsk.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.