Hopp til innhold

Litteraturdagane 2025 laurdag dagprogram

Vinjesenteret

10.00: Familieprogram med Ruth Lillegraven
Ruth Lillegraven les frå Mari og Magnus-bøkene. Høver best for deg som går i barnehagen!

12.00: Kvifor snakke med katten?
Diktet «Katten» av Olav H. Hauge står i ein større samanheng i både verdslyrikken og den nynorske litteraturhistoria. Diktaren Kjartan Hatløy har teke opp denne tråden og har stilt spørsmålet «Kva er varast?». Og han svara med det same: «Ikkje katten, men eg». I dette føredraget reflekterer Stein Arnold Hevrøy over ein nynorsk dikttradisjon.

kl. 13.00: Opplesing
Opplesing ved skodespelarane Jon Wereide Hope og Adanne Lin-Ji Ezimoha Sætereie frå Den mangfaldige scena.
Regi: Liv Hege Skagestad

13.15: Debutantprisvinnar 2025
Anna With vart tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris for 2025 for diktsamlinga Eplet. Nesten. Møt ho i samtale med Hilde Vesaas.

14.15: Vesaas-føredraget: Karl Ove Knausgård
Forfattar Karl Ove Knausgård held det tradisjonsrike Vesaas-føredraget.

15.00: Olav Vesaas les tekstar av Tarjei Vesaas
Olav Vesaas les tekstar av faren Tarjei Vesaas.

For billettar sjå:
https://ebillett.no/90036100000000

Kontaktinformasjon

Vinjesenteret
Tlf: +4746706073
E-post: ea.kristine.bakken@nynorsk.no

Kart over Vinjesenteret