Øyfjell haustmarknad
Øyfjell Grendehus
Øyfjell haustmarknad – har du lyst til å vere med?
Har du ting heime som fortener eit nytt liv, eller lagar du noko du har lyst til å selje?
Me ønskjer både privatpersonar og mindre bedrifter velkomne til å delta! Kanskje du har klede, leiker eller interiør du vil selje vidare, driv med handarbeid eller har eigne produkt eller varer frå garden? Her er det plass til litt av kvart!
Ta med deg det du vil selje, og bli med på ein triveleg haustdag på Grendehuset! Det blir marknadsbord, kaffi og svelesal.
Lyst til å delta? Det kostar 100 kr per bord. Påmeldingsavgifta vippsar du til #943780 (Øyfjell Utvikling). Velg gjerne bord på haustmarknad 2026 under kategori.
Inntektene går til å halde nettsida til Øyfjell i drift og til å støtte andre arrangement i bygda.
Me håpar mange har lyst til å vere med og skape ein koseleg haustmarknad saman med oss!
Kontaktinformasjon
Øyfjell Utvikling
Tlf: 98085742
E-post: oyfjell.utvikling@gmai.com
Heimeside: https://www.facebook.com/events/1430518555919751/?active_tab=discussion
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.