Platt Planet - ei vakker og undrande framsyning for born
Festsalen, Raulandshuset
Folkemusikkscena på Rauland inviterar til framsyning og leike-workshop med Alvina og Gard. Begge delar vert i Festsalen i Raulandshuset.
Platt Planet ein poetisk og musikalsk fabel om lengting og grådigskap, og om kva som skjer når horisonten forsvinn. Vi møter ei verd der regnbogen framleis glitrar om morgonen, men der noko sakte begynner å skurre. Med nykomponert folkemusikk, dans og scenisk nærvær fortel duoen ei sterk historie som med enkle middel reiser store spørsmål.
Den svensk-norske feleduoen Alvina & Gard set forteljinga i musikken i høgsetet og utforskar nye fargar i eit leikent samspel – tett på kvarandre og tett på publikum. Med stort nærvære og eit særeige uttrykk skapar dei opplevingar som både rører og utfordrar.
Framsyninga er laga for barn, men snakkar til alle – med varme, undring og alvor.
Alvina Herbinger Rygne – fele, forteljing
Gard Nergaard – fele, forteljing
Prisar
Barn: 100,00
Voksen: 200,00
Kontaktinformasjon
Folkemusikkscena på Rauland
Tlf: 91702497
E-post: ingrid.hamberg@usn.no
Heimeside: https://fb.me/e/boEy6Es5A
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.