Presentasjon av Emigrantregisteret for Rauland og Lårdal 1837-1899
Raulandsakademiet
TYSDAG 19. MAI KLOKKA 14.00 PÅ RAULANDSAKADEMIET vil vi presentere det nye Emigrantregisteret for Rauland og Lårdal 1837 – 1899. Studentar ved USN i Bø har hatt som si bacheloroppgåve å lage eit søkbart register og denne dagen vil dei presentere arbeidet sitt for oss. Vel møtt til Raulandsakademiet denne dagen for å høyre meir om registeret og vegen fram til denne skattekista for slektsgranskarar og lokalhistorisk interesserte.
Prisar
Gratis inngang
Kontaktinformasjon
Slekt og Data Vinje
Tlf: 91888453
E-post: froydis.fossli@vinje.kommune.no
Visast ikkje arrangementet slik det skal?
Rapporter feil eller manglar i kalenderen.